Regnskapstenester

Vi fører regnskap for alle typer foretak.Vi utfører årsavslutning av regnskapet og utarbeider
likningsdokument, årsregnskap, notar og hjelper til med utarbeiding av årsmelding for dei
som må gjennom dette. For kundar som har revisjonsplikt sender vi regnskapen vidare til revisjon.

Regnskapstenester på Internett

For kvar kunde vert det laga oppdragsavtalar tilpassa det den enkelte ynskjer og treng.
Det kan vere kundar som ynskjer å samle bilaga sine i ein perm før dei kjem til oss, og vi
scannar og legg det inn i dokumentsenter før vidare handsaming. Andre sender bilaga
elektronisk.

Vi kan fungere som postmottak og sende dokumenta på elektronisk flyt for godkjenning før vi
eller kunden ordnar med betaling (remitterer).
Internett har ført til ein heilt ny måte å kommunisere på. Det offentlege krev no at alle fakturaer som skal sendast til kommune og stat skal vere i EHF-format. Vårt system støttar dette.

Web-faktura
Tilknytta vårt regnskapsprogram, Visma Business, kan vi tilby Web faktura. Kunden loggar seg på via mobil, nettbrett eller PC og lagar fakturaer sjølve. Ved godkjenning blir fakturaene sendt direkte til kundens regnskap og automatisk bokført.

Web rapportering
Vi tilbyr kunden å logge inn på Cantor Web for å ta ut oppdaterte opplysningar, rapporter og alle bokførte bilag er tilgjengeleg her. Vi kan føre regnskapet løpande og lage oppdaterte rapportar kvar månad om det er ønskeleg, eller med ein annan frekvens etter avtale.

Kompetente regnskapstenester


Alle som driver ein næringsvirksomheit er pålagt regnskapsplikt, og for veldig mange utgjør
dette utfordringar med å sette seg inn i forskjellige lovar, reglar og juridiske forhold. I tillegg
må alt dette fyllast ut korrekt. Når du velger oss kan du kjenne deg trygg på alt blir utført på
riktig måte.

Lang erfaring

Vi har lang erfaring. I over 20 år har vi ført regnskap for ulike bedrifter i ulike bransjar. Vi har
både store og små kundar, og alle er viktige for oss.