Regnskapsførar

ØkonomiConsult as er eit regnskapsbyrå som held til i Syvde, ei flott bygd innerst i Syvdefjorden. Vi tilbyr regnskapstenester som bokføring, betalingsformidling, fakturering, purring,
årsoppgjer, lønn og budsjettering.

Vi hjelper deg med protokollarbeid og kontakt med kundar, leverandørar og offentlege instansar. To av medarbeidarane er autoriserte regnskapsførarar i samsvar med "Lov om autorisasjon av regnskapsførere". Autorisasjonen skal gje deg som kunde tryggleik for fagleg dugleik i utføringa av reknskapsarbeidet.

ØkonomiConsult as er medlem i Regnskap Norge og i lokal ERFA-gruppe.

Lang erfaring med regnskapstenester

ØkonomiConsult as vart stifta i 1993, og er registrert i enhetsregisteret i 1995. Vi har dermed godt over 20 år erfaring. Gjennom kurs og vidareutdanning held vi oss til ei
kvar tid oppdatert på endringar i lover og regelverk og hevar kunnskapsnivået. Du kan dermed kjenne deg trygg på våre tenester.

Med kunden i fokus

Med dagens Internetttilknyting er vi nær alle kundane våre, uansett kvar i landet dei held til. Vi legg vekt på å ha god kommunikasjon med alle kundane våre, og kan til ei kvar tid stå til
teneste med å svare på spørsmål og gje råd og rettleiing. Treng du regnskapsførar i Syvde, Vanylven eller ein annen stad i landet - er vi eit godt og
trygt val.


Ta kontakt om du har spørsmål eller ynskjer å engasjere oss som regnskapsførar.


Velkomen til oss.