Personal

Dei tilsette vert ofte omtalt som bedrifta sin viktigaste ressurs, ein ressurs som må forvaltast på beste måte. 

Det er viktig for både tilsette og arbeidsgjevar, for tillit, økonomi og effektivitet at dei formelle rammene er på plass.

Eksempel på lovpålagde krav for arbeidsgjevar:

- Arbeidsavtalen - ein forpliktande og juridisk bindande avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar

- Personvernreglement

- Obligatorisk tenestepensjonsordning (OTP)

- Yrkesskadeforsikring

Vi kjenner regelverket og har lang erfaring med å utforme avtalar, reglement og for så vidt i konfliktløysing om det skulle fløkje seg til for dykk.