Lønn og lønnskøyring

Tull med lønn, feil lønn og forsinka lønnskøyring skaper fort misnøye, og er for alle
arbeidsgjevarar ein tidkrevjande del av arbeidet.

ØkonomiConsult as har spesialisert seg på lønn, og hjelper kundane våre med
lønnskøyring slik at alle tilsette får den lønna dei skal ha til rett tid. Vi har over 20 års
erfaring og har solid kompetanse på området.

Vi held oss til ei kvar tid oppdatert på alle endringar og forhold som påverkar lønnsområdet.


Innrapportering av lønnsgrunnlag

Kvar måned skal alle arbeidsgjevarar levere inn a-melding. Dette er ei rapportering av all
informasjon som skatteetaten, NAV og Statistisk Sentralbyrå treng, og som dannar grunnleg
for skatt og avgift både for arbeidsgjevar og arbeidstakar.


Anna rapportering og utbetaling

Vi kan hjelpe med korrekt utrekning og betaling av lønn og avgifter.

Vi kan halde oversikt over ferie, sjukdom og anna fråver. Vi kan også ta oss av kommunikasjon med og rapportering til NAV ved til dømes sjukemeldingar og ved søknader om lønnstilskot.