Med oss på laget vert du dobbelt så god -

vi gjer kvardagen enklare med skreddarsydde løysingar og gode råd

Velkommen til oss


ØkonomiConsult as er eit regnskapskontor som held til i Syvde, i Vanylven kommune

Vi er sju tilsette med solid kompetanse innanfor regnskap, skatt og avgift og har mange års erfaring i bransjen. Tre av oss er autoriserte regnskapsførarar. Vi leverer tenester av høg kvalitet, vi ser deg som kunde og vil alltid gjere vårt ytterste for å levere det du forventar av oss og gjerne litt meir. Vi vil finne løysingar som passar deg og bedrifta di. Digitalisering og automatisering skjer i rekordfart - vi følgjer kontinuerleg med i utviklinga og tek i bruk ulike system som forenklar kvardagen.