Lønn

Vi tek på oss alt lønnsarbeid og får dette integrert mot regnskapet etter kvart. På bakgrunn av mottekne timelister lagar vi lønnsslippar og utbetalingslister. Vi produserer terminoppgåver og gjer klar innbetalingsdokumenta for skattetrekk og arbeidsgjevaravgift. Med fullmakt frå kunden kan vi også foreta betaling av desse.

Ved årsslutt lagar vi lønns- og trekkoppgåver som vert sendt til kvar lønnsmottakar. Lønnsdata vert rapportert elektronisk til skattevesenet.